Berekraftige liv på Os

Berekraftige liv på Os starta opp onsdag 27. januar.

Berekraftige liv er aksjonsbasert, og du kan venta deg at me vil ta initiativ til mange kjekke og sosiale aktivitetar som gjer Os grønare, trivelegare og meir berekraftig. Os kommune sin klimaplan seier at det er eit mål for kommunen å “motivera og mobilisera innbyggjarar og næringsliv til å ta aktivt del i klimadugnaden”. Dette vil me knyta oss på, og ser fram til eit godt samarbeid med både kommunen og med private aktørar.