Frå grøne tankar til handlingar

Mellom hav og fjell ytterst i Sandviken i Bergen bygger vi eit sterkt lokalsamfunn gjennom grøne aktivitetar. Parsellhage, bruktmarked, vegetarmatklubb, vedhogst eller sykkelverksted? Har du ein ide så kan vi få det til saman. Alle er velkomne!

Den berande ideen

Den grunnleggande tanken bak Bærekraftige liv er å bygge fellesskap gjennom grøne og miljøvennlege aktivitetar. Aktivitetane blir ikkje planlagde av organisasjonen, men ei kjernegruppe av kompetente frivillige kan hjelpe deg med å realisere ideen din. 

Kjernegruppa kan hjelpe deg med å:

Kven er med?

Du kan involvere deg så mykje du vil, og på det nivået som passar deg. Nokre finn glede i å sjå ideane sine kome til liv gjennom å vere med å organisere, medan andre er nøgde med å ta del på enkeltarrangement. 

Felles for oss alle er at vi er naboar med eit genuint ønske om å bli kjende med fleire i vår krets, og vi vil bygge eit sterkt og sunt nabolag for noverande og komande generasjonar. 

Kjernegruppa

Vi har ei kjernegruppe som møtast ca ein gong i månaden. Du kan ta kontakt med kven som helst av oss dersom du har noko du har lyst til å få realisert gjennom nettverket. Vi har alle tilgang til e-post-kontoen vår, og vi vil svare deg så fort som råd


Bilde uten tekstbeskrivelse
http://
Bilde uten tekstbeskrivelse