Gym på Hellen Festning

Ti vaksne kvinner trillar terning på grusen nedanfor Hellen Festning, før dei halsar av garde i ein forrykande stafett. Det er ikkje eit utdrikkingslag, sjølv om den høge stemninga kunne tyde på det. Dei er på gym i gata.

Tekst og foto: Torhild Dahl

– Kom igjen! Du klarer litt til, ropar Ingrid Kristiane Fardal. Ho plukkar ut terningar, tau, kjegler og papptallerkenar frå sekken ho har med seg. Her er det ingen dyre treningsapparat eller fancy metodar, men leik, og god gamaldags sirkeltrening slik vi hugsar det frå gymtimane på ungdomsskulen. 

  Fardal driv, saman med kollega Kathrine Marthinsen, organisasjonen Folkelig, og dei organiserer utandørs gym i gater og parkar ni ulike stader i Bergen. – Vi ønska å skape eit nytt tilbod for å få folk i aktivitet. Vi gjorde ei undersøking som peikte på nokre faktorar som måtte til for å mobilisere fleire. Aktiviteten måtte vere i nærmiljøet, det måtte vere vennar eller kjende som inviterte deg med, og det måtte vere lav pris. På gategym får ein alt dette, seier ho.

Gategym er basert på leik, og på gleda over å røre på seg. Det skal vere kjekt å trene, og alle skal finne noko dei meistrar. – Dette er faktisk ein artig måte å trene på! Her er det masse latter og godt humør, seier Kathrine Lien Mjell. Ho er på gategym for første gong, etter at ho såg eit oppslag på postkassestativet. – Eg avtalte med andre i gata at vi skulle gå hit. Det er jo fantastisk at det er så nær, smiler ho.
  Fardal markerer eit område med kjegler, og damene spelar kanonball. Dei som blir trefte må gjere knebøy. Ein kan sjølv velje kor hardt ein vil ta i, og mellom dei som trenar finn ein alt frå folk med dårlege hofter og skranten helse, til dei som allereie trener fleire gonger i veka. – Dette er veldig sosialt. Her treff eg naboane, det er ute, og det er fem minutt frå heimen. Det seier Gesine Eichel, som trenar fast på Gategym. – Det er ikkje så farleg om det regnar. Eg har ein høg terskel for å gå tur aleine, men på Gategym finn eg motivasjon for å kome meg ut.

Dei to kvinnene som starta Folkelig, har begge utdanning innan folkehelse og samfunnsinnovasjon. – Det handlar om å bruke tradisjonelle modellar for ei bedrift, der målet ikkje er profitt, men å løyse eit problem i samfunnet, seier Fardal. – Dette skal vere eit alternativ til idrett som er veldig fokuserte på målet. Gategym skal vere kjekt her og no, og ikkje berre i ein konkurranse ein gong i framtida. God helse skal ikkje vere uoppnåeleg, og vi vil at det skal vere eit enkelt val å gå ut, seier ho.

Treningsgjengen står no i par, og dei er i gong med «stein, saks, papir», der taparen må springe rundt ei kjegle, medan vinnaren gjer armhevingar. Det er ikkje alle som har reglane i "stein, saks, papir" heilt inne lenger, og det blir mykje latter. – Viss det var berre trening for kroppen som var poenget, så hadde det kanskje vore meir effektivt på eit helsestudio. Dette er for både kropp og sjel, smiler Gesine Eichel. – Viss det skal vere like effektivt som på eit helsestudio, så må ein kome seg dit! Hit kjem ein seg jo, supplerer Kathrine Lien Mjell.
  Fardal stadfestar at den mentale biten er viktig. – Her er det nokon som ventar på deg. Aktiviteten er i nærmiljøet, og treninga gjer godt både fysisk og psykisk. Saman bygger dei som er her eit fellesskap.

Gategym sprang ikkje direkte ut frå Bærekraftige liv, men samarbeider med dei, og er ein nær slektning. – Målet vårt er å auke livskvaliteten, og det målet deler vi med Bærekraftige liv. Du brukar din eigen kropp for å ta vare på di eiga helse både fysisk og psykisk. Du belastar ikkje miljøet, for det heile skjer ute og nær der du bur, og du slepp gjerne å bruke forureinande transport for å kome deg dit. Og så møter du naboane, og skaper eit aktivt nabolag med liv i gatene, og det er jo veldig i same ånd som Bærekraftige liv, seier Fardal med smittande entusiasme.