Barna i hagen

Krokete gulrøter, verdens høgaste solsikker, sukkerert-sprettert og blåbær på ei snor. Lar du barna få bestemme kva de skal dyrke i hagen så får du fort ein artig hage!

tekst og foto: Torhild Dahl

Små barn er naturleg interesserte i alt som spirer og gror, og det skal ikkje store hageflekken til for at barna i familien kan få oppleve gledane ved å dyrke sin eigen mat.

Her er nokre tips for deg som vil dyrke saman med barna:
• Sats på spiselige vekstar, og unngå giftige planter som revebjølle og gullregn.

• Dyrk økologisk, så slepp du giftstoff i maten.

• La ungane vere med å velge vekstar, så, vatne og stelle plantene, så vil du sjå at ungane gjer hagen til sin eigen.

• Plant trær og buskar som er fine å gøyme seg under og bygge hytter i.

• Sats mindre på matauk, og la heller ungane plukke og ete rett frå trea og buskane, og kose seg gjennom heile sesongen.

• La ungane lage fruktsalatar, smoothie og rørt syltetøy, og bli glad og overraska når du får det servert. Lukk augene og rydd så opp griseriet på kjøkkenet utan å klage!

Barnevennlege vekstar i hagen:
Ripsbær, stikkelsbær og solbær
Bæra er søtast når dei er skikkeleg modne, men det er sjeldan dei får stå i fred så lenge. Umodne bær er kjekke å bruke til å skyte med sprettert, og modne bær er fantastiske i smoothie.

Gulrot
Det kjekkaste med gulrot er å tynne dei! Ungane strør ut gulrotfrøa tett i tett i ei stripe direkte i jorda om våren, og når dei kjem opp må ein dra opp dei som står for tett. La ungane stå for tynninga, og så kan dei ete små babygulrøter utover hausten. Viss jorda ein dyrkar i er litt hard eller steinete, så får ein rare og krokete gulrøter som er ekstra artige å plukke.

Rabarbra
Dette er klassikaren som mange hugsar frå sin eigen barndom. Ungane kan plukke ein stang no og ei stang då, og dyppe ho i sukker. Du kan dyrke rabarbra i eit hjørne av plenen, eller for eksempel i to pallekarmar stabla i høgda.

Blåbær
Er du så heldig å ha ville blåbær på tomta så må du la dei stå, men ver budd på mange blå munnar og hender. Du kan også plante amerikanske blåbær som gir store buskar med mange, store bær på kvar busk, og desse set heller ikkje flekkar. Vel to ulike typar så får du større avling.

Sukkererter
Ungane elskar å gå plukke sukkererter etter kvart som dei fine sukkrerertblomstrane blir forvandla til saftige ertebelgar. Ungane stikk ertene direkte i jorda om våren, og dei får etter kvart arbeid med å binde opp stengene og sørgje for at dei klatrar der dei skal.

Jordbær
Det kan aldri bli for mykje jordbær, og det blir fort kamp om bæra. Pass på å velje ein remonterande type, så kjem det stadig nye bær gjennom sesongen. Det er spennande for ungane å leite etter nye, modne bær kvar morgon, og er du heldig får du servert ei skål med nyplukka jordbær på senga. Du kan dyrke jordbær på bakken eller for eksempel i balkongkasser eller krukker.

Bringebær
Eit vilt bringebærkratt høyrer med i barna sin hage. Lær barna å sjekke bæra for mark, om du ikkje ønskjer ekstra proteintilskot.  

Solsikke
Det er eit stort under for ein liten kropp å erfare at det vesle frøet han sådde om våren blir til ein solblomst som veks langt over hovudet på mamma og pappa. Det er spennande å måle og notere kor høg solsikka er kvar dag, og kanskje blir det premie til den som får fram den høgaste? Dei største solsikkene får du om kvar plante får rikeleg med jord og vatn. Solsikkefrøa kan ein hauste og riste og spise som snacks.

Urter
Persille og grasløk er enkelt å få til ute, og barna elskar å plukke og hive litt i middagsgryta og litt i munnen.

Blomkarse
Blomkarse gir nydelege og spiselege blomster som pyntar opp i bær- og fruktsalaten som ungane serverer. Det er kjekt å så dei i hengande krukker utanfor inngangsdøra, slik at karsen kan velte ut som ein blomsterjungel.

Eple, pære, plomme, morellar
Frukttrer er ofte fantastiske klatretrer, og det er berre å plukke nista si der ein sit og dinglar med beina.

Lita sol og stor sol. Lita sol og stor sol.
Rips, sukkererter, solbær og knaskegulrøter i ei lita hand.Rips, sukkererter, solbær og knaskegulrøter i ei lita hand.