Tek i bruk gammal parsellhage

Det var omstridd då Bergen kommune la ned parsellhagane ytst i Sandviken for å bygge barnehage. No dyrkar både barnehageungar og naboar igjen i nokre av dei gamle parsellane.

- Sjå, der er det nokre poteter som må hyppast! Marianne Grytten kunne lite om potethypping for eit halvt år sidan, men no høyres ho ut som reine eksperten der ho ruslar mellom rader med sukkererter, poteter, reddikar, purreløk og andre godsaker. Våren 2015 var ho med på å ta initiativet til å begynne å dyrke i nokre av dei gamle parsellane i Øyjorden, ytst i Sandviken i Bergen. 

- Vi er glade amatørar, men til saman har vi kunnskap, og mange her har eit triks på lur som dei kan dele, seier Marianne Grytten. Foto Torhild Dahl- Vi er glade amatørar, men til saman har vi kunnskap, og mange her har eit triks på lur som dei kan dele, seier Marianne Grytten. Foto Torhild Dahl

Øyjorden barnehage vart bygd på tomta til det som før var parsellhagar for heile Sandviken, og mange protesterte mot å miste dyrkingsplassen sin. Samtidig var det fleire forsømde parsellar, og det var viktig å bygge nye barnehagar i bydelen. Kompromisset vart å lage ein barnehage med grønt fokus, og barnehageungane har dyrka grønsaker i drivhus og i delar av den gamle dyrkingsjorda. Også Hellen Skole har eit stykke jord her som dei dyrkar i, men barnehagen og skulen har ikkje kapasitet til å stelle heile området, og mykje av kjøkkenhagen har til tider vore overgrodd. 
   - Då vi starta opp Bærekraftige liv Hellemyren, såg vi oss om etter ein plass som kunne eigne seg for dyrking, og dei gamle parsellane i Øyjorden peika seg ut. Det seier Susan Johnsen, som var med på å etablere Bærekraftige liv i ytre Sandviken. -Her er jorda allereie rydda for stein og tre, her er det vatn, og til alt overmål får vi låne barnehagen sine hagereiskapar. Øyjorden barnehage har vore positive frå vi tok kontakt første gong, og både vi og dei ser nytten av kontakt mellom den nye, store institusjonen og folk elles i området, seier ho. 
Det var ingen lang og demokratisk prosess frå ide til handling. Bærekraftige liv tok kontakt med barnehagestyraren og fekk straks lov til å gå i gang. Dei sette så ein dato for oppstart, og dei inviterte via Facebook og plakatar til å møte opp og sikre seg ein dyrkingsflekk. Ca 30 barn og vaksne kom, og området vart delt inn i 20 parsellar på tre- fire kvadratmeter kvar. - Dette med berre å sette i gang er litt viktig. Ikkje alt treng å vere så vel organisert, og ein må ikkje legge lista så høgt! Vi lærer medan vi går, seier Grytten. 
Nettverket og organisasjonen til Bærekraftige liv gjer det på mange måtar lettare å realisere denne typen prosjekt, enn om ein skal gå i gang som enkeltpersonar. -Eg ville vel neppe bede barnehagen om lov til å dyrke jorda deira om det var berre meg aleine. Med Bærekraftige liv i ryggen er det lettare å spør om lov, og også lettare å få med seg andre, meiner Johnsen. 

Lillian (4 1/2 år) vaskar og tel over potetene som ho har dyrka sjølv. Foto Torhild DahlLillian (4 1/2 år) vaskar og tel over potetene som ho har dyrka sjølv. Foto Torhild Dahl

Kjøkkenhagegjengen har sett av tre parsellar der dei dyrkar poteter, løk og purreløk på fellesen, og på haustparten inviterte dei naboane til å ete grønsakssuppe og skravle saman med dei. - Vi synes det er viktig å styrke lokalmiljøet, og tenke større gjennom dei handlingane vi gjer. Kanskje kan vi snu tankegangen til folk og auke bevisstheita om ulike miljøutfordringar? Eg har ingen tru på pisken, og det er avgjerande at det er kjekt å halde på. Det er på den måten ein får med seg folk, seier Grytten med eit smil.    Tre- fire kvadratmeter med dyrkingsjord gir ikkje store avlinga til kvar familie, og det hadde kanskje vore både billigare og enklare å handle alt på butikken. -Grønsakene vi dyrkar reddar nok ikkje famileøkonomien nei, ler Grytten. - Vi synes likevel at det er både kjekt og viktig å ta vare på kunnskap om korleis ein dyrkar økologisk mat. Utfordringane med klimaet er så store at som eit lite menneske er det er vanskeleg å sjå korleis ein skal gjere noko. Vi er del av ei folkerørsle, og det er tydeleg at det er mange som vil, seier ho. 

Tekst og foto: Torhild Dahl

Parsellhagegjengen inviterte nabolaget til supperåd, og suppa var laga av poteter, løk og purre dyrka på fellesen. Sjeldan har ei suppe smakt så godt!Parsellhagegjengen inviterte nabolaget til supperåd, og suppa var laga av poteter, løk og purre dyrka på fellesen. Sjeldan har ei suppe smakt så godt!